Femunden























Femunden

innsjø

Femunden - sør (886418891).jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg
Fylke

Hedmark, Trøndelag
Kommunar

Engerdal, Røros

Utløp

Femnundselva

Høgd over havet
662 moh

Areal
203,52 km²
Største djupn
132 m
Volum

6,00 km³
Kystlengd1234,92 km


Koordinatar

62°21′08″N 11°57′13″EKoordinatar: 62°21′08″N 11°57′13″E


Wikimedia Commons: Femund


1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Femunden er den tredje største innsjøen i Noreg. Sjøen var nest størst fram til 1957 då Røssvatnet vart regulert. Han ligg hovudsakleg i Engerdal kommune i Hedmark fylke, men den nordlegaste delen av innsjøen ligg i Røros kommune i Trøndelag. Femunden har eit areal på 203,3 km², ligg 662 moh. og er 132 meter djup.




Kart over Femunden.


Dei viktigaste elvene som renn inn i Femunden er Tufsinga i vest og Røa i nordaust. Deltaet til Tufsinga blei freda i 1981 då Tufsingdeltaet naturreservat blei oppretta. Elva Røa kjem frå Rogen, ein innsjø på grensa mellom Noreg og Sverige, og ho renn gjennom Femundsmarka nasjonalpark.




Kanofarar i uvêr ved Femunden.


Femunden har to utløp. Størst er elva Gløta i sør, som renn ut i Isteren og som lengre ned i vassdraget blir til Femundselva. Denne elva endrar namn til Trysilelva når ho kjem inn i Trysil kommune og til Klarälven når ho renn inn i Värmland i Sverige. Femunden har òg eit mindre utløp i nord mot Feragen og Håelva i Trøndelag.


Innsjøen er særs næringsfattig, men har likevel heile ni artar fisk. Sikbestanden er særleg stor, men det finst òg aure, røye, harr, ørekyt, åbor, hork, lake og gjedde her.


I turistsesongen vert innsjøen traffikert av «Femund II» med anløp i Femundsenden (sør), Buvika, Elgå, Revlingen, Jonasvollen, Haugen, Femundshytta, Røa og Sørvika (nord). Det er bussamband mellom Sørvika og Røros, og mellom Femundsenden og Trysil.


Femundsvassdraget inkludert Femunden er verna mot vasskraftutbygging.



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!


Popular posts from this blog

六本木駅

Integral that is continuous and looks like it converges to a geometric seriesTesting if a geometric series converges by taking limit to infinitySummation of arithmetic-geometric series of higher orderGeometric series with polynomial exponentHow to Recognize a Geometric SeriesShowing an integral equality with series over the integersDiscontinuity of a series of continuous functionsReasons why a Series ConvergesSum of infinite geometric series with two terms in summationUsing geometric series for computing IntegralsLimit of geometric series sum when $r = 1$

Joseph Lister